lørdag 12. november 2016

Picasso pappskulptur

På 5. trinn har vi laga Picasso-skulpturar i papp. Søyla støpte vi i gips. Det vart ei fin og fargerik utstilling i foajeen her på skulen.

Sjå berre her:


LÆRINGSMÅL:
Eg skal kunne lage ein skulptur i papp og gips inspirert av Picasso.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Kunst: Samtale om opplevelse av korleis kunstnarar har nytta form, lys og skygge og bruke dette i eige arbeid med bilde og skulptur.







torsdag 3. november 2016

Stilleben og skyggelegging

I 5. klasse vi arbeidd med eigenskygge og slagskygge. Vi sluttførte dette arbeidet med å lage eit stilleben av pærer med oljestift. 

Elevarbeid.

LÆRINGSMÅL:
Eg skal kunne teikne eit stilleben av pærer der eigenskygge og slagskygge kjem godt fram.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Visuell kommunikasjon: Bruke eigenskygge og slagskygge i teikning.

Mange fine bilder vart det! Sjå berre her:

Elevarbeid.

Elevarbeid.

Elevarbeid.

Elevarbeid.
Legg til bildetekst
Elevarbeid.
Her er bilder frå då elevane satt og arbeidde med bildene sine:



Fargeblanding og skilpadde

Elevane i 1. og 2. klasse har lært om fargeblanding og har i den samanheng mala kvar sin skilpadde. Mange ulike skilpadder med personlighet:-)


LÆRINGSMÅL: Kunne blande og bruke primærfargane til å male ein skilpadde.



FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Visuell kommunikasjon: Blande og bruke primærfargar i eige skapande arbeid.

Elevarbeid.

Elevarbeid.

Elevarbeid.

torsdag 7. januar 2016

Drømmefangere


I 5. og 7. klasse har vi laga drømmefanger. Først fekk elevane høyre historia bak drømmefangeren, og dei 
fekk høyre ei gammal legende som fortalte om drømmefangaren. Dei fekk sjå ein video på YouTube som viste ein framgongsmåte og så gjekk vi gong med arbeidet.

Utfordringen i denne oppgåva var teknikken med å veve i sirkelen, men det gikk fint etterkvart. I tillegg var det mange spørsmål rundt det å feste streng, tråd, fjær, osv. Og det slo meg at barn i dag kanskje ikkje er så van med å feste fast ting (knyte), og då var jo denne oppgåva ei god trening:-)

Elevarbeid

LÆRINGSMÅL:
Eg skal kunne lage min eigen drømmefanger.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET
Kunst og håndverk:
Design: Bruke ulike sammenføyningsteknikkar i harde og myke materialer.
Bruke formelementer fra ulike kulturer i utforming av gjenstander med dekorative elementer.

Bilder frå arbeidsprosessen:









Ferdig produkt:

Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Drømmefangarane på utstilling.
MATERIALER: Metallstreng i ulike tjukkelser, tråd, fjær, perler

torsdag 17. desember 2015

Julepynta klasserom

Å ta gode bilder innandørs mot vindu er utfordrande, men eg har prøvd å vise kor fint vi har pynta klasserommet med eigenprodusert julepynt.I tillegg har vi tinga eg har presentert i tidlegare innlegg.

LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage ei julepynt til klasserommet vårt.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Kunst og design
Design: Lage enkle gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette

Øverst i vinduene har vi hengt opp ei julelenke med pepperkakeformer som vi har klipt ut i brun papp og tredd på raudruta bånd.

Elevarbeid.
I vinduskarmen har vi klipt ut juletre på rekke som vi har dekorert med glitterpenn og klistremerker.

Elevarbeid.
Elevarbeid.
På juleverkstaden laga ungane fine julekort som vi har hengt opp i eine vinduet. Resten av julekorta står utstilt i juleutstillinga i foajeen på skulen.

Elevarbeid.
Vi har laga hjertekurv der vi har brukt mønstra papir. Vi klipte ut av to sirklar som vi bretta og sette saman til eit hjerte. Så sette vi hank på.

LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage ei julepynt til klasserommet vårt.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Kunst og design
Design: Lage enkle gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette

Matematikk:
Geometri: Kjenne att og beskrive trekk ved enkle to- og tredimensjonale figurarar i samband med hjørne, kantar og flater og sortere og setje namn på figurane etter desse trekka.


Elevarbeid.
Elevarbeid.
MATERIALE: papir, lim, saks, klistremerker, glitterpenn osv.

Egendesigna julekort og innpakningspapir

I 5., 6.  og 7. klasse har dei designa eigne julekort og og nokre har fått laga innpakningspapir. Elevane har skore ut eit trykkplate i linoleum som dei har trykt med. Så flotte julekort har eg neimen ikkje sett på lenge. Det er noko eige med handlaga, utan tvil om det. Det var ei kjekk oppgåve fekk eg vite av elevane, men vi brukte eindel plaster (som vi pleier når vi driv med linoleum). Tøffe elevar taklar det fint. Ikkje rett for litt blod - her skal det lagast julekort!:-) Eg kan ikkje anna enn å digge desse elevane.

LÆRINGSMÅL:
Du skal designe ditt eige julekort (evt. også innpakningspapir) ved hjelp av linoleumstrykk.

Elevarbeid. 
FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Kunst og håndverk
Visuell kommunikasjon: Bruke ulike grafiske teknikker i eget arbeid
Design: Lage enkle bruksformer i ulike materialer og kunne gjøre rede for sammenheng mellom idé, valg av materialer, håndverksteknikker, form, farge og funksjon


Skjæring i linoleumsplate.

Det er hardt arbeid å skjære ut i linoleum.

Trykking av innpakningspapir.
Eit stykk ferdigtrykk.
Vi har fått tørkehylle! Eg er så glad for den. Den fekk vi verkeleg bruk for.
Vår nye tørkehylle med mange fine trykk.
MATERIALE: Linoleumsplate og utstyr til linoleum (valser, trykkfarge, linoleumskniver, papir, skjæreplate), papir i ulike kvaliteter.

Elevarbeid. 
Elevarbeid.

Elevarbeid.

Dessverre fekk eg berre ta bilde av dei som vart tidleg ferdig sidan elevane fekk med seg heim korta sine samme dag. Sidan det er jul!