fredag 28. september 2012

Sying og veving blir til skilpadde!

I 3. og 4. klasse har vi lært å veve og sy. Dette har vi gjort gjennom å lage ein skilpadde. Sjølve skilpadden har vi sydd i grønn filt, fylt med vatt og sydd saman med tungesting. Skalet har vi vevd på eigenlaga rundvev. Det fylte vi med vatt og sydde på kroppen.

Flott elevarbeid!

Kvar skilpadde har sin eigen personlegdom:-)


LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage ein skilpadde i filt og tråd ved hjelp av å sy og veve.
Du skal kunne samarbeide om å lage ein utstilling av skilpaddane som de har laga i klassen.

Bilete frå utstillinga på skulen.

MATERIALE/UTSTYR:
Vev: Rund form, papp, blyant, saks, garn i ulike fargar, butt nål (til garn)
Skilpadde:  Skilpaddeform, grønn filt, broderitråd, synål (til broderitråd), vatt til fyll, laus-auge.

OPPSKRIFT:

3 kommentarer:

  1. Så fin oppgave! Hvor lang tid brukte elevene på denne oppgaven? Hvor stor er rundveven? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, takk for kommentar:-) Eg har gjort denne oppgåver to gonger med elevar. Begge gongar med ei elevgruppe på ca 23 elevar med 2 lærarar og ein assistent. Med ein time i veka brukte vi eindel veker, men husker ikkje eksakt, dessverre. Men det var stor forskjell på dei to gruppene. Viktig å legge litt tidspress på elevane sånn at oppgåva ikkje blir dratt ut i det uendelige. Eventuelt sende heim som lekse til dei elevane som ikkje nyttar tida godt nok på skulen eller få dei som er tidlig ferdig til å hjelpe dei som heng etter. Rundvev-malen er teikna opp på eit A4 ark som dei klippte ut. Håpar det var svar godt nok:-)

      Slett
  2. Hei!

    Veldig fin skilpadde!
    Har du en mal på den?
    Jeg klarer ikke å tegne en som er like fin :p

    SvarSlett