tirsdag 11. desember 2012

Kardemommeby


I 5. og 6. klasse har vi studert bygningane i Kardemommeby for å lage den som pepperkakeby. Elevane fekk lage kvar sin bygningen, og nokre måtte til og med lage to.
Bilete frå utstillinga på Samfunnshuset.

Først lagde elevane arbeidsteikningar og deretter teikna og klipte ut dei ut maler til pepperkakehusa. Etterpå skar vi ut deleane i pepperkakedeig. Så sette vi saman husa og tilslutt pynta vi med melis og godteri.
LÆRINGSMÅL:
Å bygge modeller av hus med utgongspunkt i eigne arbeidsteikningar.
Å bruke ein samanføyingsteknikk i eit hardt materiale.
Å beskrive særtrekka til bygningane i Kardemommeby.

MATERIALE:
Papir, fargeblyantar, blyanter, viskelær,saks, pepperkakedeig, lim, melisglasur, godteri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar