mandag 10. desember 2012

Teikne og måle som Thorbjørn Egner


I 3. og 4. klasse har vi studert måten Thorbjørn Egner teikna og måla Kardemommeby. Teknikken hans har vi brukt for å teikne og måle bygningar i Florø sentrum. Elevane var først på byvandring og valte seg kvart sitt hus dei ville tolke i Egner si and. Etterpå studerte vi Egner sin teknikk, lærte om proporsjonar, forenkling  og måleteknikk. 


Bilete frå Kardemommeby
av Thorbjørn Egner.
Bilete frå Kardemommeby
av Thorbjørn Egner.

Dette var ei utfordrande oppgåve for elevane, men dei har arbeidd hardt, og resultatet har vorte deretter - FANTASTISK! 

Eg stolt av å kunne presentere nokre av dei ferdige produkta:

Bilete av huset tatt av Firdaposten.







LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne litt om proporsjonar, forenkling, forstørring, forminsking og bruke den kunnskapen i teikninga di.

Du skal kunne teikne og måle bygningar sett rett forfrå eller rett frå sida.

Du skal kunne teikne/måle ein bygning i Florø på same måte som Egner teikna/måla bygningane i Kardemommeby.


MATERIALE/UTSTYR:
Fotoapparat, boka "Folk og røvere i Kardemommeby", blyantar, viskelær, akvarellmåling, akvarellpapir, kartong, linjal og lim til passepatour.

Bilete i Firdaposten av utstillinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar