torsdag 28. februar 2013

Lag eit fuglehus!

Bilete av utstillinga av foajeen.
I 3. og 4. klasse har vi snikra saman fuglekasser som eit tverrfagleg prosjekt i kunst og handverk og naturfag.

To elevar samarbeidde om å lage eit fuglehus.

Eg hadde fått saga til delane til kassane på førehand då
LÆRINGSMÅLA for oppgåva var:
Du skal kunne lage eit fuglehus ved å spikre, skru, sage, file og pusse i tre.
Du skal kunne bruke verktøy som hammar, sag, fil og sandpapir i arbeid med tre.
Du skal kunne sette saman delane på riktig måte.
Du skal vite at utforminga på fuglehuset har ein funksjon. 

Elevarbeid.
MATERIALE/UTSTYR:
Treverk, sag, drill, spiker, hammer, augeskrue, sandpapir, tau.

Fuglekassene er ikkje malt sidan vi ønsker at fuglekassane skal gjenvinnast i naturen på miljøvennleg måte.

Fuglehusa skal elevane få sette opp ute i naturen i håp om at nokon vil ta dei i bruk.

Elevarbeid.
 OPPSKRIFT:
Vi har valgt å lage ei kasse som passer til kjøttmeis, svartkvit fluesnapper og spettmeis. Kassen har ei høgde på 25 cm, 14 cm i breidde, 3,2 cm hulldiameter og skal settast opp ca 1,5 til 2 meter over bakken.

Frontveggen, dei to sideveggane + taket er identiske. Bakveggen er 5 cm lengre enn de andre veggene. Bunnlengden er avhengig av kor tjukk materialet er.



Så spikrer ein saman veggene med galvanisert spiker som ikkje ruster. Sjå teikning nedanfor. Deretter borer ein eit hull høgt oppe på frontveggen. Dette kaller vi eit flygehull. Her skal fuglene fly inn og ut. Så slår du halvveis inn en spiker på kvar side av bakveggen (høgt oppe, sjå teikning nedenfor) som seinere skal brukast til å feste kassen med. Til slutt måler du kor lang bunnen skal vere og spikrer den på. Lokket kan leggast laust oppå og holdast på plass ved tau eller streng rundt kassen eller ved en passe tung stein oppå lokket. Enda bedre blir det hvis du i tillegg spanderer en hengsel på lokket.  Du kan bruke en skinnbit som hengsel.



Oppskrifta har eg henta frå:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar