mandag 25. februar 2013

Garnblekksprut


Denne kjekke oppgåva har eg funne hos Aunt Annie's CraftsIllustrasjonane til oppskrifta er tatt derfrå.

Eg har testa ut denne oppgåva med min eigen 1. klassing heime. Det var ei kjekk oppgåve med fleire overkommelege utfordringar, blant anna klipping, fletting og knytting. Resulatet vart så bra at denne oppgåva vil definitivt vere å finne på den lokale læreplanen for i kunst og handverk for neste år.

LÆRINGSMÅL:
Å lage ein blekksprut i garn ved å knytte, klippe, flette og lime.

MATERIALE:
Bok, ullgarn, saks, plastauge eller kvit og svart filt, raud filt.


OPPSKRIFT:


Surr tråd rundt ei bok i ca 40 omgonger. Ta tråden av og knyt saman i eine enden og og ein gong til litt nedenfor slik at du får eit hovud til blekkspruten. Klipp over tråden i begge endane. Klipp til "håret" til blekkspruten. Sett hovudet til blekkspruten mellom beina dine og del trådane inn i åtte like delar som skal bli armane til blekkspruten. Flett delane og knytt i enden. Fest på plastauge og klipp ut ein munn til blekkspruten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar