torsdag 28. februar 2013

Rivebilete med haustmotiv


Dette er ei kjekk og kjapp oppgåve for 1. klasse og som i tillegg vil styrke elevane i finmotorikk (og det er jo ein kjempebonus med alle desse duppedingstider)!

Dette eksempelet er laga av mi eiga dotter som som går i 1. klasse.

LÆRINGSMÅL:
Kunne lage eit haustbilete ved å rive og lime farga papir.

MATERIALE:
Papp, farga ark i 2 ulike blåfargar, grønt, brunt, raudt, gult og oransje, limstift, blyant.

OPPSKRIFT:
Finn fram ei papp-plate i A4 og lim på eit blått ark slik at det dekker heile flata. Ta det andre blå arket, riv det og lim på bakgrunnen. Riv det grønne arket og lim på bakgrunnen. Riv opp blader i gult, oransje og raudt og lim på bilete tilslutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar