fredag 1. mars 2013

Bylandskap i eit-punktsperspektiv

I 5. klasse har vi lært om forminsking og sentralperspektiv og rom i bilete. Dette er vanskeleg å begripe for mange. Temaet er tatt opp i læreboka for matematikk på 6. trinnet så i denne oppgåva har eg lagt mest vekt på å gi elevane ein praktisk innføring i temaet etter ein relativt rask gjennomgong av teorien rundt temaet.



LÆRINGSMÅLA:
Å bruke forminsking og sentralperspektiv for å gi illusjon av rom i bilete.


To elevarbeid

MATERIALE/UTSTYR:Maleplate, akvarellpapir, blyant, linjal, viskelær, akvarellmaling, pensler, maskeringteip, vannbeger, tørkepapir, malepaletter, svart tusj.

Elevarbeid.

Etter at elevane hadde laga til utstillinga ba eg dei skrive ned tre ting dei hadde lært. Etterpå måtte kvar og ein bevise (på ein eller anna måte) kva dei hadde lært til meg og klassen.

Det viste seg at elevane hadde lært ein heil del, og det har jo dei også bevist ved å male desse flotte bileta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar