lørdag 14. september 2013

Naturvev


På skulen eg arbeidar på arrangerar vi kvart år SOSIALVEKE der elevane får delta på ulike aktivitetar på tvers av klasse og alder.

Målet for veka er blant anna:

  •  Bidra til godt venskap og ein kultur for å hjelpe kvarandre på tvers av alder.
  • Barn og vaksne skal bli kjende kvarandre
  • Gjere oss kjende i nærmiljøet

I år hadde eg og ein kollega ansvar for aktivitet der elevane laga naturvev i skogen. Det vart mange fine resultat i mange ulike former. 

Sjå berre her:







Elevane måtte sjølv finne og sage til greiner for å lage vev. Vi brukte hyssing, spiker og hammar for å sette saman veven. Hyssingen vart også brukt til renning på veven. Elevane samla naturmaterialer som dei veva med. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar