torsdag 10. oktober 2013

Eventyrslott

Eg har ikkje kunst og handverk i 1. og 2. trinn i år, men eg har to ungar heime (på fem og sju år) som tørstar etter ting å gjere, og då syns eg det er artig å kunne slå to fluer i eit smekk.

Derfor lagar eg nokre gonger oppgåver til 1. og 2. trinn som eg prøver ut på mine eigne unger. Så har eg til seinare. Veldig smart! 

Denne gongen har vi laga eit flott slott av esker vi hadde heime, og dorullar samlar eg alltid på.. i tilfelle.


Sjå kor fint:

SLOTTET!

Læringsmål:
Du skal kunne bygge med tomme esker, doruller og melkekartonger.


Vi starta med å finne passande bokser i ulike størrelser.


Så teikna vi border på dorullane.
Muren lagde vi av tynn papp og samme bord på (sjå under).


... og klypte ut. I tillegg laga vi tak på eit av tårna
og brukte ein tannstikke som spir.


Så malte vi over alt saman med grunning (to gonger)
og limte på dorullane/tårna.

Deretter malte vi slottet i ein varm blåfarge.

Så laga vi vindu og dør av farga kartong og svart tusj.
Vi klipte ut delane og limte på slottet.


Ein rosa silkepapirbit fungerte som flagg.

Materialer:
Tomme pappesker, doruller, melkekartonger, lim, grunning,
hobbymaling, pensler, saks, farga kartong.



OBS! Skal eg komme med ein liten anbefaling til slutt må det vere å huske på 
å knurve avisapapir og ha inn i eskene dersom ein ikkje har så stive esker. 
Det skulle vi hatt, men-men, det vart no bra alikavel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar