tirsdag 29. oktober 2013

Haustbilde i kald-varm kontrast

I 3. og 4. klasse har vi samtalt om fargar; fargesymbol og fargesirkelen. Vi har arbeidd med papirmosaikk og repetert geometriske former, og gjennom å lage eit haustbilete i kald-varm konstrast har vi vist kva vi har lært. 

Bilde av utstillinga
LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne kjenne igjen og snakke om symbolfargar.
Du skal kunne lage eit papirmosaikkbilete i kalde/varme fargar
av geometriske former.

Elevarbeid

Elevarbeid

Elevarbeid
MATERIALER:
Kartong og papir i ulike fargar, lim og saks.


 TID:
Ca. 3 økter (a 90 min.) inkludert fargeteori/undervisning og lage til utstilling. Nokre elevar vart ferdig etter to økter, så det er lurt å ha ei ekstraoppgåve i bakhand.

Dette ei veldig grei oppgåve som elevane mestra godt, eit par-tre stykker av 21 elevar hadde litt problem med å få dekka flata (enten så la dei papirbitane for mykje opp på kvarandre, ellers å hadde dei for små bitar) og mista litt motivasjon. Så der måtte litt rettleiing til, men alt i alt var det ei grei oppgåve som elevane greide å løyse stort sett på eiga hand. 

1 kommentar:

  1. These are gorgeous! I really like the contrast between the warm and cool colours and the squares of paper used. Thanks for sharing the detailed steps!

    SvarSlett