lørdag 19. oktober 2013

Strikk ein sommarfugl

Målet mitt i fjor var å få lagt ut (publisert på bloggen) alle oppgåvene eg gjennomførte i kunst og handverk. Det greidde eg dessverre ikkje. Eg trur at fordi det var så hektisk på slutten av året så gløymde eg rett å slett å ta bilde av utstillinga. Men når det er sagt så må eg vere fornøgd med at eg klarte å få publisert flesteparten! Følgande tre prosjekta manglar på bloggen:

I 3. og 4. trinn strikka vi sommarfuglar.
I 5. trinn tok elevane symaskinsertifikat og sydde forkle.
I 5. og 6. trinn lagde flotte drodleteikningar som pryda gangen vår.

Eg skal med tid og stunder få lagt ut oppgåvene - dessverre utan utstillingsbilder og elevarbeid, men her er iallefall strikkeoppgåva til 3. og 4. trinn:

Strikkemodell laga av lærar.
Læringsmål:
Du skal kunne lage ein sommarfugl ved hjelp av å strikke.
Du skal samarbeide om å lage ei utstillinga av strikkearbeida vi har laga i klassen.


MATERIALE: 
Garn, strikkepinnar, piperensar, paljetter, tekstil-lim, 
saks, nål, knapper, filt, broderitråd, nål, perler.

Det er utruleg synd eg ikkje klarte å få tatt bilete av utstillinga. Sommarfuglane hengte vi opp i taket i foajeen. Dei gjorde de skikkeleg fint og triveleg der i vår og til sommarfesten, dei hang faktisk heilt til i haust. Men då var det på tide å ta dei ned.

Når det gjeld oppgåva så syns eg elevane arbeidde hardt for å greie dette. Det var ikkje like lett for alle. Eg fann ut at det enklaste var å lære dei å strikke på "gamlemåten". Mor mi, som er skikkeleg bitt av strikkebasillen lærte eldstedottera mi å strikke. Det var ho som tipsa meg om at det kunne vere lurt. Og det hadde ho veldig rett i. På den måten vart strikke-operasjonen delt opp litt meir, og dermed vart det ikkje så mykje å fatte.

Ellers å hadde elevane ein lei tendes å øke maskene. Så neste gong skal eg i staden for å angi størrelsen i cm angi den i antall masker. Då bør elevane telje for kvar omgang. Så får eg heller lære dei minke dersom dei har fått ekstra masker. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar