onsdag 23. oktober 2013

Vårnatt og seljekall

I 3. og 4. trinn har vi studert Nikolai Astrup sitt bilete "Vårnatt og Seljekall" og vi har laga vår eigen versjon i akvarellmåling. No har vi hengt opp alle bilda i gangen på skulen, og her er bilder frå den flotte utstillinga:
Elevarbeid.

LÆRINGSMÅL:
Samtale om korleis Nikolai Astrup har framstilt naturen i " Vårnatt og Seljekall "
og bruke dette som utgangspunkt for eige arbeid.
 

Elevarbeid.
MATERIALE:
Papir, viskelær, blyant, akvarellark, akvarellmåling.

Elevarbeid.

Elevane måtte teikne opp bildet trinn for trinn på arket sitt. Dei måtte få kvart trinn godkjent av lærar/assistent før dei fekk gå vidare til neste trinn. 

Elevarbeid.
I tillegg til å male skreiv elevane faktatekst om Nikolai Astrup i norsktimane. Dei søkte på internett og brukte det som grunnlag for å skrive teksten sin. Måleria og teksten vart framført for resten av skulen på Helgeslepp.

Her er origionale biletet som Nikolai Astrup måla:
Vårnatt og seljekall av Nikolai Astrup.

Her kan ein lese litt meir om kunstverket.

1 kommentar:

  1. Fantastisk flotte bilete! Tydeleg at du er ein lærar med høg kompetanse innan kuh-faget. Til lukke og lukke til frå ein anna kuh-lærar.

    SvarSlett