torsdag 28. november 2013

Linoleumstrykk

I 5. og 6. klasse har vi i det siste arbeidd med linoleumstrykk. Motivet hadde eg bestemt på førehand. Eg hadde nemleg lyst å øve elevane i symmetri, spegling og forenkling. Då fant eg ut at insekter er perfekt til dei tre tinga. Elevane fekk kvart sitt halve insekt utdelt som dei måtte teikne andre halvsida på. Når dei var ferdig med det måtte dei forenkle teikninga og deretter overføre den til linoleumsplata og skjære ut. Dei fekk trykke med tre ulike fargar; raud, blått og svart. Det vart mange fine trykk og utstillinga vart sett opp i gangen på skulen. Her er bilete frå utstillinga:

Elevarbeid i svart trykkfarge.

LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage eit linoleumstrykk av ei insekt.

Elevarbeid i blå trykkfarge.
Elevarbeid ståande format.

MATERIALE:
Papir, blyant viskelær, linoleumsplate, tusj, skjæreutstyr, valser, trykkfarge og rispapir.

Utstillinga i gangen.

Frå utstillinga i gangen. Brannalarmen passar godt inn:-)

Dette var ei oppgåve som eg opplevde at elevane likte og mestra godt. Det er mange prosessar i ei slik oppgåve så det er ikkje alltid like lett å ha «kaoskontroll», men med gode medhjelparar og ikkje minst interessante ekstraoppgåver så går det fint. Det er viktig å alltid ha noko i bakhandJ


Utstillingsplakaten som viser dei ulike prosessane i oppgåva.
Eksempel på teikning og trykkplate.

3 kommentarer:

  1. Hei! Strever med å finne gode svarthvite tegninger av insekter til oppgaven. Husker du hvor du fant dine?

    SvarSlett