tirsdag 17. desember 2013

Leirerelieff helleristning

Elevane i 3. og 4. klasse fekk i dag stilt ut leirerelieffa sine. Oppgåva starta med at elevane vart kjent med kva ei helleristning er, og deretter skulle dei lage sitt eige helleristningsmotiv.

Kvar elev fekk eit bilete av ein helleristning som dei skulle bruke som inspirasjon. Så skulle dei teikne sitt motiv. Når dei hadde fått godkjent teikninga si så fekk dei starte på å lage leirerelieffet sitt. Dei rissa inn motivet sitt i leira. Etterpå lot vi det tørke i fleire veker. Når det var tørt malte vi med raud maling inn i sporet som var rissa inn i leira. Vi laga oppheng med streng.

Bilde av utstillinga i gangen.

LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage din eigen helleristning og lage eit relieff i leire.
Du skal kunne bruke verktøy til leire.


Elevarbeid.

Elevarbeid.

MATERIALE:
Kartong og papir i ulike fargar, lim og saks.

Bilete av utstilling i gangen.

Kjekk og rask oppgåva med godt resultat. Nokre elevar syns det var vanskeleg å lage eit nytt motiv utan å kopiere motivet frå sitt helleristningbilete, men med rettleiing fekk dei fleste det til. To av 21 elevar fekk ikkje laga ferdig fordi dei ikkje lykkast med leiren, og måtte starte på nytt igjen. Det vart det dessverre ikkje tid til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar