fredag 20. desember 2013

Nålefilta julekuler

Joda, det er jul på Brandsøy skule også. I år hadde elevane i 3. og 4. klasse juleverkstad i ei økt kvar tysdag i heile desember, i staden for ein heil dag som det har vore tidlegare. I år var det tre ulike aktivitetar som elevane fekk gjere. 

Den eine aktiviteten var nålefilting av kuler og hjerter. Den andre var bokmerkemonster og den tredje var bygge hus og rom med digitale verktøy (Minecraft). Resultatet kjem i eige innlegg. Slik vart jule-kulene og hjertene:

Elevarbeid
LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage julepynt ved å filte ull på isopor.

Elevarbeid.
MATERIALE:
Karda ull i fargane raud, kvit og grått, isporkuler og hjerter, julbånd og lim, filtenål.

Ideen til oppgåva fekk eg på cchobby (bilde frå nettsida deira):
 Dette var ei veldig grei oppgåve 
som dei aller fleste elevane fekk unna på ei økt (90 min). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar