tirsdag 11. februar 2014

Mona Lisa i collage

I 5. og 6. klasse har elevane både framført for andre elevar det dei har lært om Leonardo da Vinci og laga sin eigen vri av Mona Lisa i collage. Begge deler vart svært godt gjennomført. Eg angra på at eg ikkje videofilma framføringane.

Bilde av utstillinga vår i foajeen på Brandsøy skule.

LÆRINGSMÅL:
Du skal greie ut om korleis Leonardo da Vinci har satt spor etter seg.
Du skal framføre dette for dei andre.

Du skal kunne lage ein collage av Mona Lisa.


MATERIALE:
A3 mal-ark av Mona Lisa, gamle vekeblad/aviser, saks, limstift.

Elevarbeid
Elevane hadde sjølv med seg eigne vekeblad som vart brukt til denne oppgåva. Det var forresten genialt å bruke vekeblad. På avstand ser bildene nesten ut som glassmaleri på grunn av dei sterke fargane og den glansa overflata på papiret.

Elevarbeid.
Dette var ei enkel oppgåve når elevane først var komen i gong med arbeidet, då arbeidde dei ganske sjølvstendig. Men det er viktig å ha ein del vekeblad å velje mellom elles kan det bli konfliktar om «godbitane». Resutatet vart i alle fall supert og det ei fin utstilling i foajeen vår som elevane kan vere stolt av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar