fredag 7. mars 2014

Brandsøy skule 20 år - jubileumsutstilling

I går feira Brandsøy skule 20-års jubileum med ein skikkeleg fest! På skulen har vi i den siste tida arbeidd med å få i stand ei forestilling, eit skulemagasin, og ei kunstutstilling.

I den anledning har vi fått opp nye fine tavler som vi har trekt med tekstil. Dei vert fine å bruke til framtidige utstillingar. Her er nokre bilder frå kunstutstilling vår:
Det var forresten ein utruleg kjekk fest. Først hadde vi open skule der foreldre og andre besøkane kunne sjå på undervisninga som foregjekk i dei ulike klasseromma. Etterpå hadde vi ei program i gymsalen. Elevane strålte frå scena og gjorde ein kjempejobb. Rektor, ordførar, rådmannen og FAU-leiar heldt tale, og det gjorde dei alle saman utmerka måte. 

Tilslutt var det mat i foajeen og på kjøkkenet der foreldra hadde bidratt med salt- og søtmat til alle dei frammøtte. Eg koste meg veldig, og eg håpar og trur at alle opplevde det som ein fin fest for skulen i Brandsøya.

2 kommentarer:

  1. Dette var ein kjempefin blogg for med inspirasjon for oss som skal bli kunst og handverklærerar! Takk for at du deler så mange fine/gode idear! Du er herved lagt til i mi bloggliste!

    SvarSlett
  2. Tusen takk for hyggeleg kommentar. Så flott at eg kan vere til inspirasjon, det er litt av meininga med denne bloggen (forutan å vere eit godt arkiv for meg).

    SvarSlett