tirsdag 1. april 2014

Frans Widerberg i pastellkritt

Elevane i 3. og 4. klasse har fått lære om ein nolevande kunstnar, nemleg kjente og kjære Frans Widerberg.

LÆRINGSMÅL:
Du skal kjenne til kunstnaren og bildemotivet.
Du skal lage din eigen versjon av "Landskap" i pastellkritt.

Her er frå utstillinga i foajeen på skulen vår:

Vi tok utgangspunkt i eit vinterlandskap som han har måla og etterstreba å bruke primærfargane på same måte som han. Men teknikken med pastellkritt er ikkje lett, så elevane måtte arbeide hardt og nokre gongar til og med starte på nytt. Men når arbeidet vert gjort etter beste evne så vert det veldig klare og fine fargar og eit svært godt godt resultat (som i dette tilfellet).

Elevarbeid.
Elevarbeid.
MATERIALE:
Pastellkritpapir, blyant, viskelær, pastellkritt i raudt, blått, gult og kvitt, knetgummi.

Her er originalbildet som elevane har tatt utgangspunkt i:
Landskap av Frans Widerberg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar