torsdag 27. mars 2014

Symaskinsertifikat & forkle

Eg gjer faktisk ei oppgåve med elevane som eg sjølv hadde på skulen. Det kan virke litt traurig, men det er ei veldig passande oppgåve for denne aldersgruppa. Det er mykje å lære i ei slik oppgåve, og i tillegg vil gjerne elevane vil sy eit forkle som dei kan bruke når dei skal ha Mat & Helse seinare.

Så i 5. klasse lærar elevane å sy med symaskin. Då må dei ta eit symaskinsertifikat. Og for å få det må dei kunne 5 vesentlege ting (lista under).


Når dei er "flyvedyktige" med symaskina set vi gong med å ta mål, lage mønster og sy forkle. 

Når vi tar mål så måler vi breidda rundt eleven, så får elevane meir eller mindre velge lengde sjølv. Vi har ein mal å gå ut i frå og lager mønsteret på gråpapir ut i frå personlege mål. I tillegg legg vi på sømmerom i mønsteret. 

Deretter får elevane velge seg stoff som dei legg mønstret på og klipper ut. Eg er veldig opptatt av at elevane bruker strykejern og stryker ned sømmeromma før dei syr, fordi då er det enkelt å sy etterpå. For elevane betyr det mestring.

Medan elevane venter på symaskintid/hjelp frå lærar så tvinner dei band av bomullsgarn til forkleet sitt.



LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne bruke symaskin for å sy eit forkle.

Her er årets gjeng som er ferdige med forklea sine.
MATERIALE:
Papir, blyant, linjal, tekstil, måleband, sytråd m/diverse syutstyr, symaskin, nål, saks.


I år vart det ei tradisjonell oppgåve, men kjekt lell! Dyktige elevar fiksa dette fint:-)

1 kommentar:

  1. Gøy å se, vi holder på med det samme nå i høst, med en 5 trinn gruppe. De skal ta sertifikate på onsdag og jeg var rundt å kikka etter forslag til Srtifikat.
    May

    SvarSlett