onsdag 28. mai 2014

Nøkkelholder i skinn

I 3. og 4. klasse elevane fått laga sin eigen nøkkelholder i skinn. Her er nokre stolte eigarar:

LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage ein nøkkelholder i skinn ved å klippe i skinn og sy med ei lærsnor.
Du skal kunne bruke eit stansejern/hulltang for å lage hull i skinnet.

Bilde av utstillinga i gangen.
Elevane fekk utdelt kvar sitt ark av ein mal og fekk deretter i oppgåve å klippe ut skinnet (to bitar). Så måtte dei lage hull i skinnet ved hjelp av stansejern/hulltang. Deretter sydde dei saman dei to skinnbitane med ei lærsnor. Dei festa ein nøkkelring til ei anna lærsnor og tredde den gjennom nøkkelholderen. På den siste snora tredde dei på nokre treperler. Tilslutt var det berre å lage ein knute så kunne ein henge nøkkelholderen rundt halsen. 

Elevarbeid.
Utfordringane i denne oppgåva var for nokre elevar å klippe nøyaktig. Andre utfordringar var å fordele hulla på skinna, det bør vere likt antal hull på begge skinnbitane. Det var ikkje heilt lett å få dette jevnt og fint. Det vansklegaste for nokre elevar var at dei ikkje var sterke nok i klypa til å lage hull i skinnet, så det måtte eindel hjelp til av andre elevar og lærar/assistentar. Men når det var gjort greide dei fleste oppgåva veldig lett.

Elevarbeid.
Sidan eg denne gongen hadde laga ein modell - så kunne eg be elevane studere modellen og finne ut korleis dei skulle løyse oppgåva. Dei fleste fant det ut utan hjelp:-)

MATERIALE:
Skinn, lærsnor, stansejern/hulltang, saks, treperler, nøkkelring, papir og saks

Modellen eg laga til elevane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar