søndag 26. oktober 2014

Ekstraoppgåver

Å ha god klasseleiing og organisere godt i klasserommet er veldig viktig, men dette vil eg sei er ekstra utfordrane i kunst og handverk.

Mange ulike aktivitetar og veldig variert materiellbruk skiller det mykje frå andre fag. Ofte har ein elevane berre ein gong i veka, så det er heller ikkje alltid lett å skape relasjonar til elevane. I tillegg er det viktig å få vist fram elevarbeidet gjennom å lage utstilling. Det tar også mykje tid å lage til.

Dessutan har ein problemstillinga med at elevane sjeldan eller aldri blir ferdig på same tid. Når skal ein avslutte eit prosjekt? Eg syns det er litt vanskeleg, men 
eg har funne ut at når mesteparten et ferdig må vi avslutte dersom det stemmer overens med tida som er satt av til prosjektet. Tid er verdifull og vi har har dessverre ikkje anledning til å la mesteparten av klassen sitte med ekstraoppgåver fordi eit par-tre elever ikkje har vorte ferdige. Ofte er det dessutan slik at desse elevane ikkje har brukt arbeidstida si godt nok. Men eg prøver å la desse elevane få gjere ferdig prosjektet sitt ved ein seinare anledning om eg finn anledning til det. Eventuelt får dei ta arbeidet med seg heim dersom det er mogeleg. Elles får dei stille ut så langt dei er komne.

Så har vi dei som vert tidleg ferdig. For dei er det viktig å ha noko meiningsfullt å gjere på ellers så vert dei sittande å skape uro. Så eg har bygd opp ein ekstraoppgåvebank saman med min makkar Beate i kunst og handverk.

Eg lagde ein plakat som elevane måtte lese før dei starta på oppgåvene.


Eg og Beate har laga til ein trillekommode der det meste av utstyret som elevane treng for å teikne er, til dømes blyantar, viskelær, teikneark osb. På toppen av kommoden ligg det 3 permar med laminerte ekstraoppgåver som elevane kan ta av. Oppgåvene består blant anna av:
  • Steg-for-steg teikningar (til dømes Øysteins blyant)
  • Ulike teikneoppgåver
  • Teiknespel
  • Fargeleggingsoppgåver
  • Mandala
Alle kassane er merka med det som skal vere i. Faste elevar har ansvar for at det er ryddig.

Alle teikneoppgåvene er laminerte slik at dei held seg.

Her er utstyret i kassane.
Etter eg innførte ekstraoppgåvebanken i klasserommet har det vorte mykje betre arbeidsro. Elevane elskar desse oppgåvene og ser på dei nærmast som belønning. Dermed har dei fått farten opp på dei eigentlege oppgåvene i KH fordi dei kanskje får tid til å jobbe med ekstaoppgåver. Kan det bli betre? Nei:-)

1 kommentar:

  1. Dette var gode tips for en student på4.året som nå har fått en klasse i K&H. Akkurat dette med venting har skapt mye uro og jeg trengte virkelig tipsene dine.
    Kan jeg spørre hvor du fant ekstraoppgavene som du har laminert, evt ville du delt de med meg?

    SvarSlett