mandag 27. oktober 2014

Generell vurdering i storskulen

Sjølv om elevane alltid får eit læringsmål å arbeide etter og sjølv om det alltid vert utarbeidd kriterier for å nå læringmålet så er det ikkje alltid like lett å få elevane til å gjere seg flid med oppgåvene og levere eit skikkeleg arbeid. Det er heller ikkje alltid like lett å få dei til forstå at med litt meir innsats og ved at ein arbeider litt meir med detaljane så kan ein heve arbeidet betrakteleg.

For å konkretisere dette arbeidde eg ut eit vurderingsskjema. Eg laga den som ein plakat som eg hengte opp i klasserommet i tillegg til at dei fekk den utdelt i saman med oppgåveteksten. Og ikkje minst eg gjekk gjennom kvart einaste punkt med elevane på tavla slik at eg var sikker på at dei forstod alle omgrep i plakaten.


No når vi snart er ferdig med ei oppgåva så er eg spent på korleis dei vil vurdere seg sjølv, og om denne vurderingsplakaten har fått dei til å tenke litt meir gjennom arbeidet sitt.


To be continued..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar