torsdag 11. desember 2014

Prøysenprosjekt - Bolla pinnsvin

Elevane i 5. og 6. klasse har laga Bolla Pinnsvin-lykt til Prøysen juleutstillinga vår. Slik vart den.


Læringsmål:
Du skal kunne lage ei lykt som skal illustrere Bolla Pinnsvin.


Materiell:
Brun kartong, Bolla Pinnsvin-mal, svart tusj, skalpell/tapetkniv og lim og syltetøyglass


Vi klipte ut ein mal av Bolla pinnsvin. Så brukte dei malen til å lage to former i brun kartong. Deretter så skar elevane ut piggane til pinnsvinet. Elevane teikna på snute, munn og auge og limte formene saman framme og bak. Tilslutt sette dei forma over eit syltetøyglas og bretta ut piggane. Vi tok te-lys i syltetøyglaset og såg at det vart eit veldig fint lys ut gjennom piggane i lykta. Ei rask oppgåva som også var litt vanskeleg fordi det ikkje var så lett å skjære i kartong. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar