mandag 15. desember 2014

Prøysenprosjekt - dompap

Elevane i 5. og 6. klasse har teikna dompap i pastellkritt for å illustrere sangen "Du og jeg og Dompapen" av Alf Prøysen. Eg var redd eg hadde gitt elevane ein litt stor utfordring, men dei utførte med iver og ikkje minst med glans. For så vakre fuglar med så mykje personlighet har eg aldri sett! Sjå berre her:


Læringsmål:
Du skal kunne teikne ein illustrasjon av ein dompap i pastellkritt. 

Elevarbeid.

Materiell:
Fransk kartong, pastellkritt, blyant, knetgummi, kvit passepatour.

Elevarbeid.
For nokre dyktige elevar eg har!

Elevarbeid frå utstillinga vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar