mandag 15. desember 2014

Prøysenprosjekt - Fuglebrett

3. og 4. klasse sitt bidrag til Prøysenutstillinga er fuglebrett. Det passar bra sidan 5. og 6. klasse har laga dompaper. Vi brukte to heile dagar, men då var fuglebrettet i boks med dekorasjon og navnemerke. Og så flotte som dei vart!
Elevarbeid.
Eg tok utgangspunkt i eit fuglebrett som eg kjøpte på Europris. Eg kjøpte inn materiala: plank + 2 typer list og spiker. Eg skar alt saman opp på førehand slik at det berre var for elevane å spikre det saman.
Vi valgte å la vere å male fuglehuset, og heller dekorere med greier. Det syns eg passa bra til Prøysen-temaet vårt.

Elevarbeid.
Måla vart som følger:
Gulv 15,8cm x 14,5 (standardmål)
Tak 2 x 20 med skråkant x14,5 (standardmål)
Møne 17 cm x 8,3cm
Stolper (tjukk list) 10 cm høgde
(tynn) List - framme: 17,2cm
(tynn) List - på sidene: 16cm

Elevarbeid frå utstillinga vår.

Læringsmål:
Eg skal kunne lage eit fuglebrett i tre ved å spikre med hammar.

Elevarbeid frå utstillinga vår.

Materiale/utstyr: 
Plank, lister, spiker, trelim, hammer.

Elevarbeid frå utstillinga vår.
Vi hadde det utruleg kjekt medan vi laga desse fuglebretta. Elevane var supergira og ga verkeleg uttrykk for at det var veldig kjekt å spikre. Eg syns også det var herleg å arbeide med noko som trengte litt kraft og gav litt larm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar