torsdag 11. desember 2014

Prøysenprosjekt - Teskjekjerringa

Denne hausten har Brandsøy skule hatt Prøysen som felles prosjekt. Dette skal munne ut i ei juleforestilling 18. desember og ei juleutstilling her på skulen same dagen. Elevane i 5. og 6. klasse fekk i oppgåve å lage Teskjekjerringa. Det vart nokre fine eksemplar av ho:


Læringsmål:
Du skal kunne lage din versjon av Teskjekjerringa i tekstil.


Materiell:
Ulike tekstilrestar, nylonstrømper, vatt, nål, saks, tråd, ull, plastikkauge, ull, lim.

Vi klipte ut ein sirkel i tekstil (på størrelse med ein middagstallerken). Så tråkla vi rundt kanten og putta ris/erter i bunnen og vatt i ballen. Når vi skulle lage hovudet så tok vi vatt i ei brun nylonstrømpe og knytta saman. Nasa vart laga ved at vi  drog ut ein liten klump av hovudet og surra tråd tramt rundt. Så stappa vi hodet nedi ballen (kroppen) og laga skjerf i filt rundt kanten. Hovudet fekk hår av ull og eit skaut av tekstil på toppen. Auga festa vi på med lim. Det vart mange fine Teskjerringar syns no eg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar