torsdag 16. april 2015

Fuglematere

I 5. og 6. klasse har vi laga fuglematere. Ideen har eg fått frå tidsskriftet Form der ein annan lærar har gjennomført liknande oppgåve.

Dessverre har eg ikkje fått tatt nokre bilder under prosessen, men her er iallefall bilder av utstillinga som vi har hengt opp i foajeen på skulen. Elevane starta sitt arbeid med å finne tre fuglar som dei kunne tenke seg å lage ei fugleform av. Så teikna dei desse og valgte til slutt ut ein fugl som dei skulle gå vidare med. Her er nokre av dei flotte teikningane:

Elevteikning, kjøttmeis

Elevteikning, Lundefugl

Elevteikning


Elevteikning, ugle

Elevteikning
Etter at elevane hadde valgt ut sin fugl, måtte dei forenkle forma og forstørre den. Så teikna dei den over på plank. Vi skar ut forma ved hjelp av stikksag og elevane pussa formene fine. Når det var gjort beisa dei fuglane, satt i ein krok og festa på meisebolle med ein teiknestift.









Det er kjekt å arbeide med tre som materiale både for lærar og elev. Elevane var svært ivrige, men det var ein liten utfordring å få dei til å pusse lenge nok. Ellers så virka det som dei vart storfornøygd med resultatet og det må eg sei eg og var.


Ein av elevane lagde denne utstillingsplakaten til utstillinga vår. Utstillinga er dessverre ikkje heilt ferdig. Nokre elevar ventar forsatt på at beisen skal tørke. Men dei vert hengt opp neste gong vi har KH.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar