torsdag 24. september 2015

5. og 7. klasse sin versjon av "Stjernenatt"

5. og 6. klasse har fått lage sin versjon av stjernenatt. Eg skreiv ut kunstverket og delte det opp i 15 bitar. Kvar elev fekk sin del som dei skulle teikne over og forstørre på eit A3 ark. Etterpå sette vi det saman til eit stor kunstverk som henger i foajeen vår. 

LÆRINGSMÅL:
  • Du skal gjennom samarbeid med dei andre elevane lage ein eigen versjon av "Stjernenatt".
  • Du skal studere korleis Vincent Van Gogh har brukt fargar og laga linjene i bildet og prøve å gjengi dette så godt det lar seg gjere.
  • Du skal dekke heile papiret med oljekritt.
  • Du skal samarbeide med dei andre elevane for å sette saman bildet og stille det ut på best mogeleg måte.


MATERIALE:
Teikneark til oljekritt, oljekritt, teip.

Her er det ferdige kunstverket. Og så flott det vart! Eg er så stolt, og det er elevane også:-) 

Veggkunsten som elevane laga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar