tirsdag 29. september 2015

Krabber i filt og vev

I 3. og 4. klasse har vi laga krabber i filt med vev-topp. Først veva vi toppen med ein rundvev og etterpå klypte vi ut krabbeforma i filt som vi fylte med vatt og sydde saman. Tilslutt sydde vi fast toppen og sette på plastauge. Mange fine krabbar med ulike personligheitar vart det. Sjå berre her:

Elevarbeid.
Elevarbeid
Elevarbeid
LÆRINGSMÅL:
Du skal kunne lage ein krabbe i filt og tråd ved hjelp av å sy og veve.
Du skal kunne bruke saks, vev og synål i arbeid med tråd og filt.
Du skal kunne samarbeid om å lage ei utstilling av krabbane som vi har laga.

Elevarbeid
Elevarbeid
 MATERIALE:
Vev: Rund form, papp, blyant, saks, garn i ulike fargar (restgarn), butt nål.
Krabbe: Krabbeform, raud/gul/brun filt, broderitråd, synål, vatt til fyll, laus-auge.

Krabbeideen såg eg på internett ein stad, men eg husker dessverre ikkje kor eg såg den. Oppgåva er bygd over same lest som oppgåva med skilpadda

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar