mandag 12. oktober 2015

Fargeblanding og is

1. klasse har lært at primærfargane er raudt, blått og gult, og at ut i frå desse fargane kan vi blande oss fram til oransje, grønn og lilla.

Først teikna elevane ein is med seks kuler. Dei første kulene dei malte var kulene med primærfargane. Deretter blanda dei seg fram til oransje, lilla og grønt og malte dei resterande kulene. Iskjeksen fekk dei bruke ein brunfarge til. Etterpå monterte vi isen på ein turkis papp. Det vart mange fine isar som vi har hengt opp i klasserommet i samband med at vi har lært bokstaven I.

Elevarbeid

Elevarbeid.
LÆRINGSMÅL:
Å kunne blande primærfagane raud, blå og gul for å lage fargane oransje, grønn og lilla.
Å kunne male ein iskrem der ein brukar fargane.

Elevarbeid.

Elevarbeid.
MATERIALE:
A3-ark, blyant, viskelær, raud, blå,gul og brun maling, blandepalett,
pensel, saks, limstift og blå kartong å montere på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar