onsdag 21. oktober 2015

Kadinsky tre

Denne oppgåva fins det fleire versjoner av på internett, og eg hadde lyst å prøve den med 1. klasse. Eg starta oppgåva med å fortelle om litt om Kadinsky og etterpå diskutere kunsten hans med elevane.

Deretter gikk vi gong med det praktiske arbeidet. Eg oppdaga fort at det vart ei utfordring for elevane å teikne tre, så det vart til at eg laga ein mal som dei fekk teikne av og klippe ut sjølv. Det var lettare, og bonusen vart at dei fekk dei trene seg i finmotorikk. Heilt til slutt pynta vi sirklane på trea med glitter (det var "prikken over i'en":-)

Både eg og elevane vart veldig fornøgd med resultatet og no heng det nokre vakre og fargerike tre i gongen på skulen vår.

Litt av utstillinga vår.

LÆRINGSMÅL:
Å bli kjent med kunsten til Kadinsky, og lage eit eige bilde ut i frå den.

Elevarbeid.

Elevarbeid.
 MATERIALE:
Farga kartong, limstift, blyant, viskelær, saks og glitter.

Elevarbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar