mandag 12. oktober 2015

Løvtrykk og øving i fargeblanding

Det er haust og løvtrykk er ein kjekk aktivitet. Vi samla blader i skogen og etterpå gjekk vi inn og trykkte med blada. Sidan vi hadde lært fargeblanding fekk elevane i oppgåve å bruke fargane oransje, gul, grønn og brun. Men elevane fekk berre utdelt fargane gul, blå,raud (primærfargane) og brun og dei måtte dermed blande seg fram til oransje og grønn.

Elevarbeid.


LÆRINGSMÅL: 
Kunne bruke blad vi finn i naturen til å lage eit bilde. Kunne blande primærfargane for å lage nye fargar.


Elevarbeid.

MATERIALER:
A3-ark, blader, maling i gult, blått, raud, brun, pensel, lim, blå kartong til montering,

Elevarbeid.

Det vart mange fine trykk, dessverre fekk eg ikkje tatt så gode bilder.
Men eg skal sjå om eg får tid til å rette det opp seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar