fredag 30. oktober 2015

Prinsessa på erta

Denne oppgåva fann eg hos Deep Space Sparkle. Eg syns det var ei så fin oppgåve at eg gjennomførte den med døtrene mine og etterpå la eg den i kunst og handverkspermen til seinare bruk.

I år var det ein kollega av meg som såg den i KH-permen og gjennomførte den med sine elevar i 2. klasse. På den tida holdt dei på med eventyr så dermed fekk dei dekka kompetansemål i norsk i tillegg.

I denne oppgåva teiknar elevane opp med oljekritt. Deretter maler ein over med akvarellmaling. Olje og vatn går som kjent ikkje saman og dermed greier ein ikkje å male over oljekrittstrekane. Ein viktig del av oppgåva er at elevane skal lage mønsterborder på madrassene, så her må elevane bli utfordra.

Eg må sei 2. klasse gjennomførte opplegget med glans! Mange nydelige resultat vart det. Sjå berre her:

LÆRINGSMÅL:
Å kunne teikne ein teikning frå eventyret "Prinsessa på erta".
Eksperimentere med form, farge og rytme i border.

Elevarbeid.

Elevarbeid.

Elevarbeid utstillt i foajeen på skulen.

Elevarbeid utstillt i foajeen på skulen.

Elevarbeid.

Elevarbeid.
MATERIALER:
Akvarellmaling, oljekritt, akvarellpapir, passepatour, penslar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar