torsdag 12. november 2015

Auge av fargesirkelen

I 5. klasse har vi hatt ein gjennomgong med fargelære og i arbeidd med fargesirkelen. Elevane laga eit auge av fargesirkelen. Ideen fann eg hos Mrs. Pearce's Art Room.

Ufordringa var å teikne og klippe ut ei augeform som passa til irisen/fargesirkelen dei hadde laga. Det var ikkje heilt enkelt (vart brukt eindel kartong, ja...). Vi måtte blant anna repetere geometriske former, vinklar, buer, retningar osv., og ikkje minst måle og berekne. Men etterkvart løyste dei oppgåva. Og så mange flotte auge av fargesirkelen det vart!

LÆRINGSMÅL:
Eg skal kunne lage ein fargesirkel ut frå dei tre primærfargane.
Eg skal kunne lage eit kunstbilete av fargesirkelen.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET
Kunst og håndverk:
Visuell kommunikasjon: Bruke fargekontrastar, forminsking og sentralperspektiv for å gi illusjon av rom i bilder både med og utan digitale verktøy.

Matematikk: 
Måling: Velje høvelege målereiskaper og gjere praktiske målingar i samband med daglegliv og teknologi og vurdere resultata ut frå presisjon og måleusikkerhet.


Elevarbeid
Ferdig med fargekvadratet som skal bli sirkel.
Auget må ha augevipper.



Elevarbeid

Elevarbeid

Elevarbeid.
MATERIALE:
Maling i gul, blå og raud, kartong, papir, saks, lim, passer og linjal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar