fredag 20. november 2015

Vintervott

I 1. klasse har vi laga vintervott. Dette var eit samarbeidsprosjekt der 2 elevar saman skulle få dekorere eit vottepar. Dei måtte bli einige om mønsteret og lage heilt likt mønster (speile det).

Eg var litt spent på korleis dette skulle gå i høve til samarbeid, men dette gjekk det over all forventning. Dei var så flinke og spurte kvarandre og dei skulle ha det sånn eller slik før dei limte på. Eg vart rett og slett stolt over dei flinke elevane mine! Og det vart fine vintervotter som vi har som dekor i vinduene vår.


LÆRINGSMÅL:
Eg skal kunne samarbeide om å lage ein vintervott med geometriske mønster.

FRÅ KUNNSKAPSLØFTET
Kunst og håndverk:
Visuell kommunikasjon: 
  • eksperimentere med form, farge og rytme i border
  • lage enkle gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette
Matematikk: 
Geometri: 
  • kjenne att, bruke og samtale om spegelsymmetri i praktiske situasjonar
  • lage og utforske geometriske mønster, både med og utan digitale verktøy, og beskrive dei munnleg

Her lagast det votter med fine mønster.



Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
MATERIALE: Farga ark, papirmosaikk i trekanter og firkanter, lim, blyant, vott-mal. 

Obs: På skulen vår vart det for ein del år sidan kjøpt inn mange fargblokker i A3, og for å få brukt dei så vart desse brukt til denne oppgåva. Eg skjærte sjølv opp papirmosaikken i trekantar og firkantar. 

Men om eg skal gjere denne oppgåva igjen så vil eg bruke farga kartong og bestille inn kartongmosaikk i sirklar. Då vil elevane få fleire fargar å velge mellom, fargeinstensiteten vil vere betre, meir holdbar vott og ikkje minst ha enda ei geometrisk form å bruke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar