torsdag 17. desember 2015

Egendesigna julekort og innpakningspapir

I 5., 6.  og 7. klasse har dei designa eigne julekort og og nokre har fått laga innpakningspapir. Elevane har skore ut eit trykkplate i linoleum som dei har trykt med. Så flotte julekort har eg neimen ikkje sett på lenge. Det er noko eige med handlaga, utan tvil om det. Det var ei kjekk oppgåve fekk eg vite av elevane, men vi brukte eindel plaster (som vi pleier når vi driv med linoleum). Tøffe elevar taklar det fint. Ikkje rett for litt blod - her skal det lagast julekort!:-) Eg kan ikkje anna enn å digge desse elevane.

LÆRINGSMÅL:
Du skal designe ditt eige julekort (evt. også innpakningspapir) ved hjelp av linoleumstrykk.

Elevarbeid. 
FRÅ KUNNSKAPSLØFTET:
Kunst og håndverk
Visuell kommunikasjon: Bruke ulike grafiske teknikker i eget arbeid
Design: Lage enkle bruksformer i ulike materialer og kunne gjøre rede for sammenheng mellom idé, valg av materialer, håndverksteknikker, form, farge og funksjon


Skjæring i linoleumsplate.

Det er hardt arbeid å skjære ut i linoleum.

Trykking av innpakningspapir.
Eit stykk ferdigtrykk.
Vi har fått tørkehylle! Eg er så glad for den. Den fekk vi verkeleg bruk for.
Vår nye tørkehylle med mange fine trykk.
MATERIALE: Linoleumsplate og utstyr til linoleum (valser, trykkfarge, linoleumskniver, papir, skjæreplate), papir i ulike kvaliteter.

Elevarbeid. 
Elevarbeid.

Elevarbeid.

Dessverre fekk eg berre ta bilde av dei som vart tidleg ferdig sidan elevane fekk med seg heim korta sine samme dag. Sidan det er jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar