torsdag 3. desember 2015

Samiske julekuler

I dag har eg m/kollegaer hatt juleverkstad med 5. 6., og 7. klasse. Den første tingen vi laga var samiske julekuler. Eg fortalte litt om samisk kunsthandverk og så fekk elevane velge seg eit motiv dei ville bruke på julekula si. Dei teikna og brente det inn på ein trekule. Det vart mange fine og dei hang vi på juletreet i foajeen på skulen.



LÆRINGSMÅL:
       Du skal bruke formelement frå samisk kunsthåndverk for å dekorere julekulene dine.
       Du skal lage 3 ulike skisser på papir og deretter overføre motivet du bestemmer deg for med svipenn på julekula di.
       Du skal kunne borre eit hull for å tre eit raudt band gjennom.

Elevarbeid.
FRÅ KUNNSKAPSLØFTET

Kunst og håndverk:
Design:
·         Bruke formelementer fra ulike kulturer i utforming av gjenstander med dekorative elementer
·         Benytte ulike teknikker til overflatebehandling av egne arbeider
·         Bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess

Samfunnsfag: 
Historie: Gjere greie for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved rettane, historia og levekåra til dei nasjonale minoritetane
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
Elevarbeid.
MATERIALE: flate trekuler, raud snor, svipenn, borr

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar